Kristendom, religion, livssyn og etikk 2
Se studieprogramProgrammet er laga for lærarstudentar i grunnskulelærarutdanninga, lærarar i arbeid som ønskjer å oppdatere kunnskapen sin om emna i KRLE, først og fremst retta mot undervisning i grunnskulen (1-7) og 5-10 og i vidaregåande skule (RLE-faget 10-13). Det er delt i fire emne og er heilt nettbasert. Studiet har obligatoriske oppgåver og eksamen.
Dei fire emna er:
KRLE 2A (RLE2004) Tekst, tolking og tradisjon i kristendomen, med vekt på korleis ulike kristne grupper og tradisjonar brukar skriftlege kjelder og korleis desse kjem til uttrykk i samfunnslivet. Eksamensform: Skriftleg mappevurdering.
KRLE 2B (REL2005): Tekst, tolking og kultur i andre religionar, med ei fordjuping i tekstar og tolkingstradisjonar knytte til jødedom, islam, hinduisme og buddhisme og arbeidsmåtar med desse i skulen. Eksamensform: individuell munnleg eksamen.
KRLE 2C (REL2006): Filosofi og etikk som praksis, med ei historisk og praktisk tilnærming til filosofi og etikk. Eksamensform: Casebasert oppgåve med munnleg prøve som kan justere karakteren.
KRLE 2D (REL2007): KRLE-didaktikk, med ei innføring i ulike tilnærmingar og synspunkt på KRLE-faget i skulen og i deira historiske tradisjon. Munnleg gruppeeksamen.
En kandidat som har fullført utdanningen, forventes å ha oppnådd følgende læringsutbytte definert i kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskaper:
Kandidaten
- Har brei kunnskap om tru og praksis i ulike religionar, konfesjonar og livssyn, med vekt på kristne og humanistiske tekstar og om religiøs mangfald lokal og globalt, og om arbeidet med dette i skulen.
- Kjenner til korleis estetiske arbeidsmåtar kan vere med å fremje læring.
- Har gode kunnskapar om forsking på barn i høve til religion og livssyn, filosofi og etikk.
Ferdigheter:
Kandidaten
- Kan gjere greie for bruken av autorative tekstar og kjeldebruk i religionar og livssyn, for ulike praksisar og mangfald og aktuelle perspektiv i ulikelokalt valde tradisjonar.
- Kan lage undervisningsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy.
- Kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som vert nytta i skulefaget.
- Kan drøfte lokale læreplanar og utvikle skisser til slike.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- Har eit reflektert syn på ulike religiøse og livssynsbaserte tradisjonar og kan nytte kunnskapen på ulike måtar til arbeidet i skulen i alle skulefag.
- Kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE-emna.
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
KRLE 1 er tilrådd som forkunnskap, men ikkje eit krav.