Praksis i master i spesialsjukepleie

Informasjon om praksis for deg som er student på Master i spesialsjukepleie.

Før praksis er det viktig at du er kjend med både studieplan, generell informasjon om praksis og informasjon som er spesifikk for Master i spesialsjukepleie.

Før oppstart i praksis

  • Politiattest utan merknader skal leverast seinast ved semesterstart, politiattest med merknader skal leverast seinast innan tre veker etter at tilbod om opptak er motteke. Student som ikkje har levert politiattest har ikkje rett til å delta i praksisstudium eller klinisk undervisning. Sjå korleis du søkjer om politiattest.

    Før praksisstudium kan starte, må skjema om utanlandsopphald, tuberkulose og MRSA (MRSA = meticillinresistente gule stafylokokkar) svarast på og sendast inn til fakultetet. Skjemaet skal leverast seinast ein månad før praksisstart i den første praksisperioden. Student som ikkje har levert eigenerklæringsskjema har ikkje rett til å delta i praksisstudium. Meir informasjon og eigenerklæringsskjema.

    Ver merksam på at praksisstaden må få beskjed snarast ved bruk av legemiddel som er nødvendige på grunn av sjukdom og som kan påverke yrkesutøvinga (til dømes sterke smertestillande, sovemedisin m.m.). Dette gjeld òg ved legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Sjå Helsepersonellova om Pliktmessig avhald.

  • Det kan vere nødvendig å gi ut namn og fødselsnummer på studentane til praksisstadene. Dette gjeld praksisstadar der studenten må ha tilgang til fagsystem/dataverktøy for pasient- eller klientoppfølging, og/eller for at praksisstadane skal kunne lage ID-/adgangskort.

    Sjå personvernerklæring for søkjarar og studentar.

  • Fakultetet har samarbeidsavtalar med kommunar/helseføretak som ligg til grunn for praksisplasseringa. Studentar kan ikkje sjølve avtale praksisplass. Sjå Reglement for tildeling av praksisplass ved Master i spesialsjukepleie.

  • Studentar får i god tid før praksisstudia informasjon om praksisstudia og får tilsendt eit nettskjema. Skjemaet inneheld spørsmål som kan påverke praksisplasseringa. Praksisplassering vert publisert i Canvas, og det er ikkje høve til å klage på praksisplassering.

  • Studentar kan søkje om tildeling av praksisplass i eit spesifikt geografisk område. Frist vert publisert via Canvas og i nettskjema frå praksiskoordinator.

  • Lofoten/Vesterålen

    • Avdeling Vesterålen
    • Avdeling Lofoten

    Salten

    • Nordlandssykehuset HF

    Helgeland

    • Avdeling Mo i Rana
    • Avdeling Mosjøen
    • Avdeling Sandnessjøen

    Innherred

    • Tilgjengelege praksisplassar vert tildelte NTNU, men Nord får moglegheit til å søkje eventuelle ledige plassar.

    Namdalen

    • Tilgjengelege praksisplassar vert tildelte NTNU, men Nord får moglegheit til å søkje eventuelle ledige plassar.

    Kreftsjukepleiestudentar gjennomfører praksisstudium ved helseføretak og i kommunar i Nordland og Trøndelag i samsvar med reglementet for tildeling av praksisplass.

    Master i spesialsykepleie praksisregioner
    Oversikt over praksisregioner

Under praksisstudier

  • Studentar i praksisstudium vert rekna som helsepersonell, jf. helsepersonellova, og ved behov og omsyn til sårbare grupper kan praksisstaden be studentar om vaksinestatus. Uvaksinerte studentar eller studentar som ikkje ønskjer å oppgje vaksinestatus etter førespurnad frå praksisstaden, kan få utfordringar med gjennomføringa av praksisstudia.

    Helsefagstudentar bør vere vaksinerte i samsvar med barnevaksinasjonsprogrammet og ha nødvendige oppfriskingsdoser. Studentar ved FSH som ikkje har følgt barnevaksinasjonsprogrammet, vert tilrådde å ta kontakt med vaksinasjonskontor i kommunen for vaksinasjon. Dette er studentens eige ansvar.

  • Studentar som i studiesamanheng får kjennskap til nokon sine personlege forhold, er underlagde teieplikt etter universitets- og høgskulelova. Vi gjer merksam på at enkelte sosiale medium og smartklokker kan ha sporingsteknologi/apper (t.d. kartfunksjon) som skal vere slått av ved praksisstudium i til dømes heimebaserte tenester. Å avsløre kven som mottek helse- og omsorgstenester, vil vere brot på teieplikta, jf. helsepersonellova. Skjema for teieplikt vert lese og signert ved semesterregistrering og oppmelding i Studentweb. Nokre studentar må òg underteikne teieerklæring på den aktuelle praksisstaden.

  • Fakultetet nyttar student-e-post, nord.no, Studentweb, Canvas og/eller Teams for praksisinformasjon. Det er viktig at studentane jamleg sjekkar desse kanalane. Det er studenten sitt ansvar å vere oppdatert på informasjon som vert gjeven via Canvas, nord.no, Studentweb, Teams og e-post.
    Alle studentar skal bruke Teams som informasjonskanal i praksisstudiet sitt. Fagtilsett ved fakultetet opprettar Teams-rom før praksisstart. Her vert det oppretta ein eigen Teams-kanal der studenten skal levere studieoppgåver, turnusplan og eigenvurderingar. Teams er ein samhandlingsplattform mellom student, praksisrettleiar og fagtilsett ved fakultetet.

Studieplan og praksisrelaterte emne

Oppdatert
27.01.2026