Førebygging av vald, valdtekt og drap av kvinner

Førebygging av vald, valdtekt og drap av kvinner
Invitasjon til konferanse 27. august 2026, Campus Nesna, Nord universitet.

Arrangør: Kvinneuniversitetet i Norden i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Bakgrunn for konferansen: Fleire offentlege utgreiingar har dokumentert vald, valdtekt og drap av kvinner. Det gjeld NOU 2020:17 Varslede drap? og NOU 2024:4 Voldtekt- et uløst samfunnsproblem. I gjennomsnitt blir åtte kvinner i Noreg kvart år drepne av sine partnarar.

Valdtektsutvalet slår fast at valdtekt av jenter og kvinner, er eit likestillingsproblem, eit stort folkehelseproblem og stadig eit uløyst samfunnsproblem. Om lag kvar femte kvinne blir utsett for valdtekt. Det er ein aukande tendens, særleg for unge jenter. Dei samfunnsmessige kostnadene er store. Førebygging kan redde liv og redusere både fysisk og psykisk helseskade.

Målgruppe: Lærarar i barnehage og skole, helsepersonell, tilsette i krisesenter, studentar, kommunetilsette, politi, advokatar, politikarar på lokalt, regionalt og sentralt nivå og andre samfunnsengasjerte menneske.

    • Kl. 10.30: Velkomen. Opning av konferansen.

    • Kl. 10.40: Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon: Korleis kan lovverket generelt førebygge vald mot kvinner og korleis kan samtykkeloven gjere ein forskjell?

    • Kl. 11.05: Lena Bendiksen, leiar i Partnardrapskommisjonen: Korleis kan Partnardrapskommisjonen førebygge drap på kvinner?

    • Kl. 11.30: Sametingsrådsmedlem Ann-Elise Finbog: Vald i nære relasjonar i samiske samfunn.

    • Kl. 11.55: Spørsmål og diskusjon.

    • Kl. 12.05: Lunsj.

    • Kl. 12.45: Samtale med forfattar Rakel Løvrød: Kva kan vi lære av legesaka på Frosta og korleis unngå at systematiske overgrep kan skje igjen?

    • Kl. 13.15: Rektor ved UIO, Ragnhild Hennum: Verden er i endring: Korleis forsvare kvinners liv og helse? (digitalt)

    • Kl. 13.30: Pause, med kaffe, kake og uformell diskusjon. Organisering til paneldebatt.

    • Kl. 14.00: Paneldebatt: Mona Nilsen AP, Helse- og sosialkomiteen, Hilde Grande FRP, Finanskomiteen, Bent-Joacim Bentzen SP, Justiskomiteen, med fleire. Debattleiar: Tor Martin Leines Nordaas, journalist, forfattar og kåsør.

    • Kl. 16.00: Avslutning.
Gemensamma Vägar 2026
Konferanse/seminar
27. – 28. okt. 2026

Gemensamma Vägar 2026

Vitensenter Nordland i Mo i Rana
09:00
14:30
Det overordnede temaet er i år «Mangfold og inkludering i barnehage og skole».
Referansekurs
Kurs bibliotek
4. november 2026

Referansekurs

Teams/Zoom
12:15
13:15
Kurset gir en innføring i APA 7th-stilen.
Åpen dag hos Nord universitet
Annet
10. november 2026

Åpen dag hos Nord universitet

Nord universitet, Campus Mørkved
10:00
14:00
Saltenskolene inviteres til en inspirerende besøksdag, med omvisning og informasjon om studiemuligheter og studentliv.
NIKT 2026
Konferanse/seminar
25. – 27. nov. 2026

NIKT 2026

Nord universitet, campus Levanger
09:00
16:00
Norsk IKT-konferanse for forskning og utdanning 25. - 27. november 2026 i Levanger.