Ein språkpolitikk for mangfald og fellesskap

Ein språkpolitikk for mangfald og fellesskap
Nesna mållag i samarbeid med Salten mållag, Vefsn mållag, Kvinneuniversitetet Norden og Nord universitet inviterer til konferanse på Nesna 24. september, 2026.
Landskapsbilde tatt med fugleperspektiv av flotte universitetsbygg i forgrunnnen, et tettsted i bakgrunnen, med fjorder og fjell i horisonten.
Nord universitet på Nesna.

Som ei mindre bruka målform har nynorsk ein utsett posisjon nasjonalt.

På Helgeland har nynorsk historisk sett stått sterkt, men slik er det ikkje lenger. Helgeland er òg eit område der andre særs utsette språk har vorte nytta, nemleg sørsamisk og umesamisk.

Mindre bruka språk og nasjonale minoritetsspråk, treng politiske grep for å vekse og trivast. Slik har til dømes nynorsk og sørsamisk mykje til felles.

På denne konferansen ønskjer vi mellom anna å setje lys på følgjande språkpolitiske spørsmål:

  • Korleis kan ein utforme ein språkpolitikk som stør opp om mangfaldet, aukar tilliten mellom grupper og byggjer ned fordommar og konfliktar?

  • Korleis kan målrørsla og små språkmiljø arbeide saman for større aksept for språkleg mangfald?

  • Korleis kan nynorsk som sidemål styrkast?

  • Korleis kan nynorsk vere ein eigna inngang for dei som skal lære norsk som andrespråk?

    • Peder Lofsnes Hauge, leiar i Noregs mållag

    • Kari Sommerseth Jakobsen, redaktør av boka Samisk Helgeland

    • Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran

    • Eldar Heide, professor (HVL)

    • Øystein Vangsnes, professor (UiT)

    • Liv Cathrine Krogh, leiar av Landslaget for norskundervisning

    • Hege Myklebust, førsteamanuensis (HVL)
  • Program

    • 12.00: Velkommen

    • 12.05 Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran

    • 12.20 Øystein A. Vangsnes, UiT/HVL: Nynorsk som språkpolitisk skyteskive

    • 12.45 Kari Sommerseth Jakobsen: Samisk Helgeland

    • 13.10 Kort pause

    • 13.20 Eldar Heide, HVL: Kvifor har Noreg levande dialektbruk?

    • 13.50 Peder Lofsnes Hauge, Leiar i Noregs mållag

    • 14.15 Kaffi og drøs

    • 14.40 Liv Cathrine Krogh, LNU: Nynorsk som sidemål frå eit norsklærarperspektiv

    • 15.05 Hege Myklebust, HVL: Om å lære eit mindretalsspråk som andrespråk

    • 15.30: Panelsamtale

    • 16.00: Avslutning

Kontaktperson: Hallvard Kjelen, Hallvard.Kjelen@nord.no

Gemensamma Vägar 2026
Konferanse/seminar
27. – 28. okt. 2026

Gemensamma Vägar 2026

Vitensenter Nordland i Mo i Rana
09:00
14:30
Det overordnede temaet er i år «Mangfold og inkludering i barnehage og skole».
Referansekurs
Kurs bibliotek
4. november 2026

Referansekurs

Teams/Zoom
12:15
13:15
Kurset gir en innføring i APA 7th-stilen.
Åpen dag hos Nord universitet
Annet
10. november 2026

Åpen dag hos Nord universitet

Nord universitet, Campus Mørkved
10:00
14:00
Saltenskolene inviteres til en inspirerende besøksdag, med omvisning og informasjon om studiemuligheter og studentliv.
NIKT 2026
Konferanse/seminar
25. – 27. nov. 2026

NIKT 2026

Nord universitet, campus Levanger
09:00
16:00
Norsk IKT-konferanse for forskning og utdanning 25. - 27. november 2026 i Levanger.