Finalen i Forskar Grand Prix

Astrid Skogseth og Edgar Alstad - Finalister i Forsker Grand Prix 2025
Finalen i Forskar Grand Prix
Astrid Skogseth og Edgar Alstad frå Nord universitet er to av ti finalistar. Du kan sjå sendinga her.

Kven får tittelen som landets beste forskningsformidlar? Dei ti beste stipendiatane i Noreg møtest i den nasjonale finalen i underhaldningsshowet Forskar Grand Prix. Publikum kan stemme under direktesendinga, og vi oppmodar alle til å heie fram Astrid og Edgar.

Astrid: Ta den medisinen din, da!

Fleire eldre bur heime lengre og kommunane pressast på pengar, personell og tid. Digitaliseringa hjelp noko – men løyser på langt nær alt.

Eg ser på korleis teater som metode kan hjelpe heimesjukepleiarar å sikre ein betre og tryggare medisinhandsaming. Målet mitt er å styrkje pleiarane som kvar dag gjev livsviktig informasjon til pasientane sine – og skape rom for nytenking der det verkeleg gjeld.

Edgar: Visuell støtte i geometriundervisning

Korleis ser elevar eigentleg ein tredimensjonal figur på papir eller skjerm? Mange strevar med å tolke 3D-bilete i lærebøker. Eg forskar på korleis visuell støtte kan styrkje elevane si romforståing og evne til å løyse oppgåver i geometri.

Meir om den nasjonale finalen:

Du kan lese meir om Astrid, Edgar og dei åtte andre finalistane i Khrono. Forskar Grand Prix er i regi av Noregs forskingsråd, og det er Solveig Kloppen som er konferansier i finalen i Oslo.

Gemensamma Vägar 2026
Konferanse/seminar
27. – 28. okt. 2026

Gemensamma Vägar 2026

Vitensenter Nordland i Mo i Rana
09:00
14:30
Det overordnede temaet er i år «Mangfold og inkludering i barnehage og skole».
Referansekurs
Kurs bibliotek
4. november 2026

Referansekurs

Teams/Zoom
12:15
13:15
Kurset gir en innføring i APA 7th-stilen.
Åpen dag hos Nord universitet
Annet
10. november 2026

Åpen dag hos Nord universitet

Nord universitet, Campus Mørkved
10:00
14:00
Saltenskolene inviteres til en inspirerende besøksdag, med omvisning og informasjon om studiemuligheter og studentliv.
NIKT 2026
Konferanse/seminar
25. – 27. nov. 2026

NIKT 2026

Nord universitet, campus Levanger
09:00
16:00
Norsk IKT-konferanse for forskning og utdanning 25. - 27. november 2026 i Levanger.