Rekordinteresse for Nord Summer School 2025: – Ei unik moglegheit i nord

Rekordinteresse for Nord Summer School 2025: – Ei unik moglegheit i nord
Nord Summer School samlar både norske og internasjonale studentar med interesse for nordområda og arktiske tema.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Over 240 studentar har søkt på årets sommarskule ved Nord universitet. Trass i avgrensa plassar, vitnar tala om stor interesse – både nasjonalt og internasjonalt – for det som no blir arrangert for andre året på rad.

– Vi fekk over 245 søknader til totalt 85 studieplassar. Det er langt fleire enn i fjor, og viser at Nord Summer School har truffe ei nerve, seier koordinator Charlotta Maria Langejan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag.

Inspirert av Europa

Saman med Kathrine Mathisen ved Handelshøgskolen Nord tok Langejan initiativet til å starte ein sommarskule ved Nord universitet, inspirert av tradisjonar frå kontinentet.

Med på laget fekk dei rektor Hanne Solheim Hansen, prorektor Levi Gårseth-Nesbakk og utdanningsdirektør Anne Ringen Pedersen. Etter pilotåret i 2024 har Nord Summer School no fått fotfeste.

Slike tilbod er heilt vanlege elles i Europa, men nye i Noreg. Det gjer dette til ei stor moglegheit for Nord universitet.

Kathrine Mathisen, koordinator for Nord Summer School

Prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk, er svært nøgd med årets søkjartal til Nord Summer School.

– Emnetilbodet ved Nord Summer School er breitt og variert. Samstundes reflekterer det universitetet sine satsingsområde og faglege styrkar: blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, samt helse, velferd og oppvekst. Gjennom Nord Summer School viser vi at vi kombinerer fagleg sterke profilar med eit globalt perspektiv – og søkjartala stadfestar at dette tilbodet vekkjer internasjonal interesse, seier Gårseth-Nesbakk.

Fire fakultet bidreg i år også

Til saman har alle dei fem fakulteta ved Nord bidrege med kurs for sommaren 2024 og 2025. Årets kurs spenner vidt, med alt frå berekraftig reiseutvikling og blå vekst i nordområda til biologisk mangfald og økonomi. Dei fleste kursa har kapasitet på rundt 20–25 studentar, men nokre kurs kan ta imot opp til 35.

– Per no har 92 søkjarar blitt vurderte som kvalifiserte. Opptaksarbeidet pågår framleis, seier Langejan.

Kursa gir 3 studiepoeng og følgjande blir tilbydde sommaren 2025:

Ambisjonar om å utvide

I år som i fjor blir sommarskulen arrangert på campus Bodø, men det finst allereie planar om å utvide til fleire campus i framtida. Nord universitet har åtte studiestader fordelte på Nordland og Trøndelag – fire i kvart fylke.

– Vi ser for oss at ein i framtida til dømes kan ha ei veke med Ph.d.-kurs på eitt studiestad, og ei anna veke med bachelor- eller masterkurs ved eit anna studiestad. Men vi må bygge stein for stein, seier Mathisen.

Opninga av årets sommarskule finn stad måndag 30. juni ved Nord universitet i Bodø.

Nord Summer School

  • Sommartilbod i perioden 30. juni – 4. juli på Campus Bodø
  • Kurs på tre studiepoeng med fokus på nordområda og Arktis
  • For å søkje må ein allereie vere student i Noreg, ved eitt av SEA-EU-universiteta, eller ved eit universitet Nord har utvekslingsavtale med
  • Søknadsfristen var 1. mai 2025

Sjå meir informasjon på heimesida: Nord Summer School